30 April 2008

Til Nordkapp i ein Nordkapp

Forrige onsdag hjalp eg ein engelskmann som kom med båten frå Newcastle. Han skulle til Nordkapp og var av den gamle skulen. han hadde sjølvsagt med tonnevis med utstyr og mat så kajakken såg mest ut som ein ubåt når han la iveg. Heldiggrisen hadde padla på Grønland på åttitalet og sidan mange plassar rundt i verda. Ein veldig triveleg kar og eg fekk mail på onsdag då han var komen til Florø. Så om nokon ser ein engelskmann med orange vest i ein blå Nordkapp (begge av god gammal årgang) er det berre å be han inn på te om du vil høre gode padlehistorier!

No comments: