30 October 2008

This Is The Sea 4


Eg lagar kommetarer på filmen

Eg surfar på Bulkenbølga

Så var den fjerde filmen i serien "This is the sea" ute. Det er jo litt gøy å være med i filmen sjølv om eg ikkje er heilt fornøyd med engelsken... det er og litt rart, men heldigvis er eg no framstilt som blid og fornøyd (trur eg). Det hadde egentlig vært gøyere med litt mer action frå Norge, men men.

Her er meir om filmen:

Justine sin blogg
Artikkel om filmen på
Kayak Quixotica
Litt kritikk
Frå Harald Rishovd/Qajaq.no


6 October 2008

Njord Stormsamling 08




Då var høstferien og årets Njord stormsamling over. Eg har fri i dag og koser meg med dobbel espresso og får prøve å oppsummere mine opplevingar på Bulandet. Eg kom sein på fredagen fordi eg hadde influensa heile veka og ikkje var klar i det heile tatt på torsdags formiddag. Ronny skulle heldigvis oppover fredag så eg fekk sitte på med han. Første møte med elementa fekk vi på ferga til Bulandet. Det blåste så sterkt at eit lysarmatur på ferga løsna. Sjøspruten stod opp over styrehuset. Teltplanane vart droppa til fordel for luksusliv med to greie karar som tilbød oss husrom i Mattern bua og det var vi glade for då vi kjørte frå ferga og så vidt såg veien foran oss på grunn av alt regnet.

Torbjørn og eg holdt Rockhopperkurs. Laurdag var det mykje vind. Vi la vekt på redningsøvingar med tauing, men det var så sterk vind at mange av deltakarane hadde problem med å holde posisjonen på redningsoperasjonen så det vart mykje padling opp mot vinden. Vi fekk litt surf på slutten av dagen. Søndag var det bedre og vi fekk begynt på klassisk rockhopping nære steinane. Til lønsj blåste det opp att og vi måtte begrense oss til surf forlengs og sidelengs med liten sjangs for steinkontakt. Litt rotete sjø og bølger frå sørvest, vind frå søraust og straum frå vest gjorde at ikkje alle traff bølgene like godt kvar gong, men det vart nokre bra sjangsar for dei som ville kaste seg ut i det. Bilder.