26 January 2008

Storm (eller i alle fall stiv kuling)




Var ute i dag for å se om det var så ille som ryktene sa det var. Stormen traff nok ikkje heilt på Sotra, for met.no sa "bare" 4-5m bølger, og det var heller ikkje så store bølger der vi var. Vi kunne imidlertid se at det var større lengre ute, men ikkje noko uvanlig. Vind var det derimot nok av - vi anslo opp mot 20 m/s (det er jo alltid eit eller anna ein ikkje finn, og i dag var det vindmåleren). Vi padla ut til Hitsøy og snuste litt på havet på den (relativt) beskytta sørsida. På nordsida vart det for tungt å padle mot vinden, så vi snudde og åt lunsj på ein idyllisk sittegruppe ved eit hus.
Vi fikk trent litt redning, tauing og eigenredning og hadde ellers en kjempefin tur. Var ute i 5 timer og kjenner kroppen gynger godt enno!

Torbjell viser cowboy med tømming:

13 January 2008

Vinter

Vinteren i Bergen er dårlig for skiturer av den korte typen (vi må reise langt), men god for padling. Imidlertid er det endel som må ordnes på kajakkene og vinteren er ein grei tid for dette. BSI har kjøpt ein ROMANY som skal ha nytt sete, mine eigne kajakkar må ha litt meir "bling" - vent og sjå!

Rullekajakk

Vi er tre stykker som bygger grønlandskajakk i naustet i vinter. Alle vil ha rullevennlige kajakker så breddene ligger rundt 45-46 cm. Sjølv håpar eg at tvangstrøyerullen vil være innen rekkevidde med ein lav og smal rullekajakk...

I starten er det mye målearbeid som må gjøres nøyaktig!