4 November 2009

Surf carnage

Her om dagen inviterte Kyrre til hardcore surfetur nord i Øygarden. Det blei berre oss to som stilte og vi padla ut frå Hellesøy i retning vest-nordvest til Lislodden. Bølgehøgda og forholda auka på og då vi skulle montere hjelmkameraet på meg var det nesten for seint. Det resulterte i halvfull dagsluke og kamera på foto i staden for film.


Småsurf på dønningane

Første stopp - før store bølger for surfing

Her tar den store bølga nesten Kyrre

Utenfor varden var det friskt med ganske store bølger. Det braut innimellom på ein 4 meters grunne (5 om vi korrigerer for flo), faktisk nesten over Kyrre som fikk ein fin surf heilt på kanten (bokstavleg og overført) av bølga.

God medvind nordover til neste skjær. Her vart eg litt usikker på nøyaktig posisjon, kartlesing medførte sjøsjuke, men vi var vest om Sulo. mykje rotesjø og brytende bølger som slo alle veger, men vi kasta oss inn i det og konkluderte med at det var litt store bølger.


Litt grunt

Legg merke til baugen som kjem ut til venstre i bildet

Her begynner det å bli gøy



Fint støttetak

Bilda er tatt med GoPro Hero hjelmkamera på fotosekvens (bilde hvert 5 sekund). Kameraet har ein bildevinkel på omlag 180 grader, så om bølgene ser små ut kan eg forsikre om at dei ikkje var det. Litt ujevn bildekvalitet, men dette var bare et forsøk (og photoshopen min er på ei anna maskin). Flere bilder i picasa albumet.

7 October 2009

Strandaelva


Tirsdag dro Torbjørn og eg oppover til Voss for å padle med Ronny, Kyrre og Camilla. Først Øvre Strandaelva der eg velta og svømte litt (heldigvis ikkje som den einaste). Det er tross alt over eit år sidan eg padla elv sist. Det tar litt tid å venne seg til det strømmande vatnet. Etterpå var det nedre der eg var litt usikker på om eg burde padle. "Dei tre første strykea er verst" sa Camilla og når eg såg fossen vi så skulle utfor skjønte eg at det var best å ta bilder frå elvebredden. Etterpå drog Ronny og eg opp att og øvde i stryket under offerholet.

Bilda er frå Nedre Strandaelva - grad III



Torbjørn er ikkje trøtt, han berre ser ned i fossen - langt ned...


Dei neste stryka var mindre, men ikkje små

Resten av bilda finn du her

5 October 2009

Uflaks

Svineinfluensa i nesten to veker, så forstua eg foten kraftig andre dagen på jobb!

Foten er ok, men ikkje god til heftige ilandstigningar, merka eg i går. NPF Teknikkurs i helga i det verste været eit kurs har blitt gjennomført - GARANTERT. 10-15 m/s vind og regn som ofte var så kraftig at det gjorde vont i øynene.

1 September 2009

Goltasamlinga 2009

Ei enno bedre samling enn i fjor! Dette er noko av det beste eg har vore med på av padlesamling om vi ser på totalutbytte. Lærerik teori og praksis kombinert med mykje moro. Fleire bilder.

pedagogisk teori og praksis med Thomas Pindard
Eg kom laurdags morgon og da var det pedagogisk teori med Thomas Pindard som vart knytta til praksis etterpå. sidan bar det ut i bølgene for meir praksis. Her vart mange ivrige og fekk testa kva dei dugde til av redningar i sjø.


samling i vågen


Morten hjelper med kantingen

Kameratredning i sjøen...
...og eigenredning

Rock og kokk med Lidun og Bente
Kurset med Bente og Lidun inneholdt store bølger og noko av den beste maten eg har smakt ute (evt berre slått av samme gjeng tidlegare!). Meny:
fiskesuppe, focaccia, aioli og eplekake.

Vi smakar på bølgene

Kvitt vatn

steinane fekk vere i fred

Focaccia på trangia

avansert fiskesuppe på veg

Gode og veldig mette

Nærdrukning og hypotermi med Jone
Nærdrukning og hypotermi med Jone er noko av det mest interressante eg har vore med på i padlesamanheng. Nytt og utvida kurs på Njord stormsamling for dei som verkeleg vil lære noko om kva ein gjer når det går galt.

Øvinga var tydlegvis realistisk for redningsskøyta lurte på om vi trengte hjelp

Ilandføring med frie luftvegar

Bæring av medvitslaus person

Stor takk til Lidun og Bente og alle andre som arrangerte!
Gleder meg til neste år.

12 August 2009

Tilbake på SOTRA




Tirsdag hadde BSI ein tur til Glesnes. Fint vær, litt småbølger og mange folk. Fint for litt rolig brottpadling. Dessverre fekk vi eit uhell då ein av padlarane fekk skuldera ut av ledd, men sidan vi og hadde med to legar og ein ambulansemann gjekk det relativt greit å sette han på plass.

Eit par filmar fra turen:
video

video