1 September 2009

Goltasamlinga 2009

Ei enno bedre samling enn i fjor! Dette er noko av det beste eg har vore med på av padlesamling om vi ser på totalutbytte. Lærerik teori og praksis kombinert med mykje moro. Fleire bilder.

pedagogisk teori og praksis med Thomas Pindard
Eg kom laurdags morgon og da var det pedagogisk teori med Thomas Pindard som vart knytta til praksis etterpå. sidan bar det ut i bølgene for meir praksis. Her vart mange ivrige og fekk testa kva dei dugde til av redningar i sjø.


samling i vågen


Morten hjelper med kantingen

Kameratredning i sjøen...
...og eigenredning

Rock og kokk med Lidun og Bente
Kurset med Bente og Lidun inneholdt store bølger og noko av den beste maten eg har smakt ute (evt berre slått av samme gjeng tidlegare!). Meny:
fiskesuppe, focaccia, aioli og eplekake.

Vi smakar på bølgene

Kvitt vatn

steinane fekk vere i fred

Focaccia på trangia

avansert fiskesuppe på veg

Gode og veldig mette

Nærdrukning og hypotermi med Jone
Nærdrukning og hypotermi med Jone er noko av det mest interressante eg har vore med på i padlesamanheng. Nytt og utvida kurs på Njord stormsamling for dei som verkeleg vil lære noko om kva ein gjer når det går galt.

Øvinga var tydlegvis realistisk for redningsskøyta lurte på om vi trengte hjelp

Ilandføring med frie luftvegar

Bæring av medvitslaus person

Stor takk til Lidun og Bente og alle andre som arrangerte!
Gleder meg til neste år.