15 September 2008

Samling på Golta

Golta med ein fin beskytta havn

Teltleiren

Gjengen på kaia utanfor sjøbua vi hadde som base

Forsking på svingteknikk

Skjæret

Det var bra surfeforhold

Nytt surfetriks: Hanekam!

BSI si samling for NPF Aktivitetsleiarar og NPF Vegleiarar i helga vart ein suksess. Fem klubbar var representert - Stavanger KK, Haugesund KK, Sunnfjord KK, Oslo KK og BSI padling.
Vi la opp til ei flat struktur der alle som følte for det kunne bidra med det padlefaglege, men vi hadde nokre tema og ansvarlege: stresshandtering, tur med teknikk på havet (les: kaos in the surf zone), teknikk på stille vatn, navigasjon og rullekurs. Vi endra litt på programmet undervegs alt etter ønske og forhold.
Eg hadde teknikk på stille vatn første dagen med vekt på åreblad og kanting og tur til surfeskjæra andre dagen, og det er det eg har bilder frå. Mange hyggelige og ikkje minst veldig dyktige padlere gjorde samlinga veldig fin både fagleg og ikkje minst sosialt. Litt av håpet var å få knytta meir kontakt mellom klubbene og det ser i alle fall litt bedre ut enn før samlinga. Takk til alle som var med!
Bilder frå samlinga på mitt nye picasa album.

6 September 2008

Navigasjon på Glesvær

I den trange passasjen nord i Nordre Risøysundet

Litt lenger ut

Småsurf

Så kom det ein front med regn og vind

Var ein tur på Glesvær for å prøve ut eit undervisningsopplegg om kajakknavigasjon. Ragnhild stilte som prøvekanin og det vart ein fin tur og opplegget virka.
I kunsten er det snakk om lyset på Skagen, derav skagenmalerne, men eg trur lyset på vestsida av Sotra kjem i same kategori og det har kanskje meir med havet og verfenomena som skapas der å gjere enn akkurat staden. I alle fall var det eksepsjonelt fint lys denne dagen og, håpar noko syns på bilda.
Padla Boreal Design "Baffin" for første gong og den var jo fin. I medvind var han ekstrem til å dreie på tvers når senkekjølen var oppe. Nede var det ikkje noko problem.