Her om dagen inviterte Kyrre til hardcore surfetur nord i Øygarden. Det blei berre oss to som stilte og vi padla ut frå Hellesøy i retning vest-nordvest til Lislodden. Bølgehøgda og forholda auka på og då vi skulle montere hjelmkameraet på meg var det nesten for seint. Det resulterte i halvfull dagsluke og kamera på foto i staden for film.
Utenfor varden var det friskt med ganske store bølger. Det braut innimellom på ein 4 meters grunne (5 om vi korrigerer for flo), faktisk nesten over Kyrre som fikk ein fin surf heilt på kanten (bokstavleg og overført) av bølga.
God medvind nordover til neste skjær. Her vart eg litt usikker på nøyaktig posisjon, kartlesing medførte sjøsjuke, men vi var vest om Sulo. mykje rotesjø og brytende bølger som slo alle veger, men vi kasta oss inn i det og konkluderte med at det var litt store bølger.
Bilda er tatt med GoPro Hero hjelmkamera på fotosekvens (bilde hvert 5 sekund). Kameraet har ein bildevinkel på omlag 180 grader, så om bølgene ser små ut kan eg forsikre om at dei ikkje var det. Litt ujevn bildekvalitet, men dette var bare et forsøk (og photoshopen min er på ei anna maskin). Flere bilder i picasa albumet.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
Dette såg morro ut:) Flotte bilder og spennende blogg:)
Hilsen fra kajakEntusiast c",)
Post a Comment