26 April 2010

Vårslepp på Bulandet


Eg hadde gleda av å halde NPF teknikkurs på vårsleppet til Askvoll padleklubb i helga. Eg er jo van med at det er god stemning når askvollingane samlas, og i år var inga unntak. Mindre og tettare enn dei tidlegare samlingane eg har vore på, og minst like bra! Fantastisk bra opplegg frå klubben!
Roger med det gode humøret fikser det meste, også godstemninga.
Det som var ekstra bra frå eit padlesynspunkt var at nivået på askvollingane var blitt så bra. Eg trur eg rett og slett eg på vegne av denne bloggen offisielt kårer klubben til beste havpadleklubb i landet!

3 comments:

Odin Hestholm said...

Kjekt at du likte deg, Hallvard! Dei som tok kurs med deg var også svært fornøgde. Og at Askvoll Padleklubb er den beste havpadleklubben i landet, har du sjølvsagt heilt rett i! :-)

Kløvtveit said...

Takk for den kommentaren Hallvard. Det var ei glede å ha deg med, og kjempekjekt å høyre attendemeldingane frå kursdeltakarane dine, frosne og kalde med kjempestore smil :)
I tillegg er eg sjølvsagt heilt einig med vurderinga di :)

Anonymous said...
This comment has been removed by a blog administrator.