12 March 2008

Fint hengetak!


Må berre ha med dette bildet av Matthias som verkeleg briljerer med fin teknikk i rotete sjø. Dette er vertikal åreføring!

11 March 2008

Kurs

Helga gjekk med til kurs på Glesvær. Ein fin gjeng med godt humør tross mykje vind. Eg er utslitt i heile kroppen, det er god trening å padle hardt i to fulle dagar!


Om ein skal ta dei beste bølgene må ein sjå bakover der dei kjem frå.

Det er berre ein måte å bli flink til å lese havet på; gjere det - MYKJE.

26 January 2008

Storm (eller i alle fall stiv kuling)




Var ute i dag for å se om det var så ille som ryktene sa det var. Stormen traff nok ikkje heilt på Sotra, for met.no sa "bare" 4-5m bølger, og det var heller ikkje så store bølger der vi var. Vi kunne imidlertid se at det var større lengre ute, men ikkje noko uvanlig. Vind var det derimot nok av - vi anslo opp mot 20 m/s (det er jo alltid eit eller anna ein ikkje finn, og i dag var det vindmåleren). Vi padla ut til Hitsøy og snuste litt på havet på den (relativt) beskytta sørsida. På nordsida vart det for tungt å padle mot vinden, så vi snudde og åt lunsj på ein idyllisk sittegruppe ved eit hus.
Vi fikk trent litt redning, tauing og eigenredning og hadde ellers en kjempefin tur. Var ute i 5 timer og kjenner kroppen gynger godt enno!

Torbjell viser cowboy med tømming:

13 January 2008

Vinter

Vinteren i Bergen er dårlig for skiturer av den korte typen (vi må reise langt), men god for padling. Imidlertid er det endel som må ordnes på kajakkene og vinteren er ein grei tid for dette. BSI har kjøpt ein ROMANY som skal ha nytt sete, mine eigne kajakkar må ha litt meir "bling" - vent og sjå!

Rullekajakk

Vi er tre stykker som bygger grønlandskajakk i naustet i vinter. Alle vil ha rullevennlige kajakker så breddene ligger rundt 45-46 cm. Sjølv håpar eg at tvangstrøyerullen vil være innen rekkevidde med ein lav og smal rullekajakk...

I starten er det mye målearbeid som må gjøres nøyaktig!

27 December 2007

JUL IGJEN!


Julen er som vanlig tid for padling. Julaften begynte med mykje vind som stilna etterkvart. Då var det berre å kome seg ut for å sjå på havet. Det var eit brøl som møtte meg på sørsida av Turøy og eg vart liggande å observere ein stund. Meterologisk institutt sa 5m bølgehøgd og det var rotete sjø! Dette var det beste bildet eg klarte å få tatt der.

1. juledag var det tid for variasjon då skuldrane ikkje er heilt gode enno. god utsikt til havet er viktig, og her mellom Skogsøy og Herdlevær. Om du ser godt etter ser du straumen som kjem ut og møter bølgene som kjem frå vest.

2. juledag kom uværet att og dette er frå vika på sørsida av det gamle bølgekraftverket på Toftøy. Litt til venstre for spruten midt i bildet er det eit skjær der ein padlar vart overraska av bølgen og omkom for nokre år sidan.

Kajakken vart liggande på land den dagen og...

12 November 2007

Lenge siden siste oppdatering


Mista kameraet i vår og datamaskinen har heller ikkje vore frisk, men no er alt i orden - nytt kamera og fin maskin. Eg har padla meir enn nokon sinne denne hausten og vinteren er jo tida for store bølger...