27 October 2007

Njord Stormsamling 07

Stormsamlinga levde opp til namnet i år med mykje vind og høge bølger. Nokre av oss frå BSI kom torsdag kveld og fredagen vart den desidert beste dagen med store bølger frå nord og relativt lite vind. God surf! BSI rulte med fleire loopar og eg klarte endeleg ein baklengs surf og loop søndagen (men då var ingen klare med kameraet).

Eg liker spesielt godt dette bildet fordi det minner meg om eit i boka til Eric Soares
God surf på nordsida, berre om å gjere å ikkje kome for nært land
Vanskelege forhold for fotografering!
Stor bølge som vart knust av steinen, så det var ikkje så ille som det ser ut til!

Ulykkestur

7. oktober var eg med på elvetur til Øvre Strandaelva med BSI. Veldig lite vatn og uerfaren som eg er trudde eg det var fint, for elva såg så stille ut. Det var heilt til eg gjekk under og knakk ei åre og ei anna i gruppa fekk justert nasa rett etterpå...
Etter ei lita pause drog vi videre til Evanger og fekk surfa litt på ei fin bølge der. Vart sliten og fekk svømt eit stryk for første gong og sjølv om det var lite er det ikkje noko som frister til gjentagelse!

VEILEDER HAV!

21-23 september var vi samla til siste del av veilederkurset. Det starta med mykje vind og det fortsatte med meir! Vi var delt i to grupper og padla litt ulike ruter fra Kvenværet på Hitra ut til leiren som låg på ei øy ytterst mot Frøya. Vi skulle finne passende områder for å utfordre oss sjølv og vi rulla og redda i 3m bølger og padla gjennom trange passasjer med rotete sjø og steiner det braut over. Vi prøvde og å gå i land i relativt store bølger ved at ein padlar svømte med kajakken på slep medan ein annan kontrollerte han. Andre dagen blåste det så mykje at vi vart sittande på land og vi fekk diskutert mange aspekt ved padling og veiledning. Tredje dagen vart det litt navigasjon, eskimoredning, redding av medvitslaus padlar i skummande kvitt vatn og tauing, ilandføring og gjennoppliving av samme. Litt surfing vart det og men bølgene var ikkje så store lenger. Eit lærerikt kurs og fantastiske medpadlere! Ingen bilder foreløpig :-(

Surf ved Hitsøy




Torbjørn, eg og nokre fleir varma opp til siste del av veilederkurset med ein liten tur i store bølger utanfor Hitsøy. Tok nokre bilder av Torbjørn i surfen.