1 July 2008

Tur med Nordkapp-Paul

Først fann vi eit skjær som var litt grunt, men med fint slett berg. Det var ganske kraftige uregulære bølger og straumar. Eg klarte å parkere på skjæret sidelengs for så å bli tatt av bølga (med vilje altså):

HP tar bølga an face:

Etterpå bar det bort til Kallsøyane for meir snill surf:


Paul som padla frå Bergen til Nordkapp er komen att. Han brukte 60 dagar. I går tok vi han med på ein kveldstur til surfeplassane ved Hitsøy. Rolig vær i Bergen, men eindel vind og meir bølgar enn venta på kysten. Eg tok Greenlanderen litt tilfeldig fordi det var mer praktisk i går. Ho er litt for treigmanøvrert til slik padling for min smak. Nesten alle velta. Eg velta to gonger, noko eg er ganske fornøyd med då det er lenge sidan sist.

1 comment:

Anonymous said...

eg og vil!