26 June 2008

Utstyr

Når ein skal ut på havet krev det godt utstyr. Her er nokre ting eg har testa ut med varierande hell og nytte: Fra venstre:
Nixon tidevassklokke: viser tid, månefase og relativ vannstand. 10 bar. Ganske ny og lite brukt, men ganske stilig funksjon. Problemet er at han berre er nøyaktig ved fullmåne. Flo og fjære avviker med opptil 40 min i periodene mellom (i forhold til 6t og 25 min). lovande instrument, men eg er litt i tvil om kor vanntett han er.

Suunto: barometer er greit å ha, men værmeldingen er ofte minst like bra. God til lange ekspedisjoner og fjellturer (høgdemåler). 3 bar. Har brukt han i Himalaya til stor glede. Har også elektronisk kompass, men eg foretrekker silva 70P dekkskompass.

Silva vindmåler: no er det slutt på alle gjetninger om kor sterk vinden var (minst liten storm!). Les av, enkelt og greit. Også termometer. Alltid med.

Citizen dykkerur: alltid med. Svikter aldri. 20 bar.

Magellan GPS: grei å måle turlengde med, men er ikkje så vanntett som produsenten vil ha det til. Eg liker bedre kart og kompass.

ICOM M-71 VHF:
Har ikkje fått testa han så mykje enno, men eg er heilt sikker på at dette er framtida innan kajakk-kommunikasjon. Også heilt essensielt for sikkerhet. Denne modellen er vanntett, men eg satsar på aqua pack. Fantastisk størrelse og kvalitet!

No comments: