27 August 2013

BSI tur til Løno

Voss-Geilo måtte utsettast til neste år, då eg ikkje har fått sykla i sommar (pga all padlinga), så eg inviterte alle i klubben som ville på overnattingspadletelttur som skulle passe alle - dvs. dei ferskaste som måtte ha lyst. Eg laga alternative planer alt etter ver og vind, og planen vart ikkje spikra før vi kom ut på Møvik. Det blei fort klart at Løno, det absolutt beste alternativet var innan rekkevidde!

God driv ut fra Møvik mot Hitsøy.

På Hitsøy traff vi nokre venner, Mr. Sotra Padleklubb himself, og ein gjeng BSI folk. Dei hadde visst glemt å sjekke tidevatnet, he he, og kom dragende med kajakkene på grunna.

Så var det en liten pause før kryssinga aver til Løno. Det er værhardt det stykket, men vi var ved godt mot.


Så var vi klare for siste kryssing ut mot Løno i fine dønningar. Arch meinte at det var som om havet pusta - fint sagt.

 Florian og Ragnhild framme på Løno i kveldssolen.
På Løno ligg den beste teltplassen for padlere på heile Sotra og Øygarden. Kjempegod plass og ei lang grunn vik slik at ein ikkje blir plaga av båter og slikt folk.

Charlotte og Arch gikk ein liten kveldstur medan eg skaffa fisk til gryta - eller prøvde... Det blei no ein smak av fisk i alle fall.

  
Imidlertid er det eindel knott her ute i august. Eindel. Om ein er var for sånt er det nok bedre å telte heilt vest og langt opp på øya. Så neste gang Anja blir med skal vi prøve det.

Søndag morgon, snart klar for å dra! Vi planla å padle rundt Løno på vestsida, nordover til Tjørnøy for lunch og rundt på innsida av Algrøy og avslutte langs vestsida av Langøy til Møvik der vi starta.

Samling før vi krysser tilbake til Algrøy. Det braut godt på nordsida av Løno.

Arch i fint driv. Inderinne på sin fjerde havpadletur. Garantert første inder som har padla til Løno!

GoPro er ganske gøy.

Ei lita pause nordvest på Algrøy.

Fine farger.

Charlotte var veldig fornøyd med fotografen.

Makrellens siste syn.

Dagens fangst. Det krydde av makrell - riktignok litt små, men til gjengjeld kunne eg dra opp så mange eg ville ha. Faktisk fleire, da dei beit på då sluken dingla i vatnet medan eg bløgga. Eg glømte at vi hadde med ei indisk vegetarianer som ikkje nokongong hadde tatt i korkje kjøt eller fisk. Blodspruten frå sprellande makrell var kanskje litt i overkant, men eg har no lært noko på ASKR i sommar - utlendingar skal sjokkherdast inn i den norske folkesjela (takk til Lars Oven frå ASKR).

Arch og klatreveggen på Langøy. 

Takk til alle som var med for super tur og godt humør trass knotten - folk pleier å bli surere for den! Ekstra interessant med så internasjonal gruppe.
23 km på to dager - ikkje verst for nybegynnertur!

1 comment:

Miamaria Padlemia said...

Klatrevegg, det der? Sånn seriøst?