17 August 2013

Bursdagspadling med Anja

Avgang frå Naustet i 10-tiden

Anja hadde bursdag og nøyde seg ikkje med fest, det måtte bli brottpadling først og fest etterpå. Eg kunne berre bli med på brottpadlingen, men FOR ein feiring!



Det var meldt eindel vind, opp mot 14 m/s og vi padla ut mot Hitsøy. Der kom Jardar på at det var ein fin kanal på sørsida, og den huska eg og (siden eg faktisk padla den på St. Hans).



Anja i godt humør, då vind tyder lite mygg og mykje bølger.








Det vart bra padling før lunch, men GoProen låste seg og det var for rotete til å ta fram speilrefleksen. Her er vi framleis godt innaskjærs.



Til lunchen var det mykje kake og lapper og litt mygg, men ikkje så mykje at nokon vart sure, heldigvis.









Etter matpausen fann Jardar ein fantastisk dusj. Bølgane, som var omlag 2,5-3 meter vart knust mot ein stein og fossa i ein fin, stor dusj ned på baksida. Det såg gøy ut, og det var det og, men dusjen var ikkje så fin som han såg ut til. Nokre gonger var det litt hardt...




Lillian tar sjangsen













Og heldigvis kunne Lillian vise nokre kunster etter at eg hadde "lurt" henne til å rulle i dei store bølgene - ingen suksess...

Takk for turen - det er fantastisk å ha så gode padlevenner som også har mer sjølironi enn meg sjøl!


1 comment:

Odin Hestholm said...

Flott rapport! Gledar meg til artikkelen i Padling!