30 April 2008

Til Nordkapp i ein Nordkapp

Forrige onsdag hjalp eg ein engelskmann som kom med båten frå Newcastle. Han skulle til Nordkapp og var av den gamle skulen. han hadde sjølvsagt med tonnevis med utstyr og mat så kajakken såg mest ut som ein ubåt når han la iveg. Heldiggrisen hadde padla på Grønland på åttitalet og sidan mange plassar rundt i verda. Ein veldig triveleg kar og eg fekk mail på onsdag då han var komen til Florø. Så om nokon ser ein engelskmann med orange vest i ein blå Nordkapp (begge av god gammal årgang) er det berre å be han inn på te om du vil høre gode padlehistorier!

11 April 2008

Gamle surfebilder



Denne vinteren og våren har vært travel når det gjeld padling. Var ute med ein gjeng som skal til Grønland heile forrige helg og hadde introkurs mandag. Begynner å lengte etter havblikk og einsame turar mellom små holmar...
Fann fram nokre bilder frå i haust som kan vere verd ein kikk:
Surf!

1 April 2008

Aktivitetslederkurs

Redningen må sitte som et skudd

Einar i klassisk stil

Så var det tid for mitt første NPF Aktivitetslederkurs. Det var en flink gjeng fra BSI Padling som møttes på Langøy Kystkultursenter fredag ettermiddag. Vi hadde endel teori, men selvfølgelig mest padling. Mitt første inntrykk fra laurdagen var kajakken eg padlet: Valley Nordkapp. Etter to svinger utbraut eg "dette er den beste kajakken eg har prøvd!" Den var heilt fantastisk på kanting - du kan holde han i akkurat kva vinkel du vil, så lenge du vil. Og svingradiusen vart deretter, veldig liten. Fekk prøvd han i vind opp til 20 m/s og han var bedre enn Greenlanderen, men lengden gjorde han marginalt tyngre enn Romany å snu. Farten skuffa litt, men som allroundkajakk - den beste eg har prøvd!


Ok nok reklame. Lørdagen simulerte vi NPF Nybegynnerkurs. Alle fekk prøvd seg som leiar på ulike "caser" og vi evaluerte fortløpande i flåte. Litt kald dag i starten, men solen kom fram på slutten! Vi fekk prøvd heilt nye kajakkleikar, og når Ronny i tillegg lagde lekdag på slutten kom i alle fall smila fram og.

Søndagen simulerte vi nybegynnerkurs og turleiing før lunch. Etterpå var det tid for teknikk og redning i 3 stjerners forhold. Vi hadde ilandstigning, sjøsetting, kameratredning og eigenredning som oppgaver i gruppedynamikk. Det klarte deltakerene fint, samtidig som vi såg at kommunikasjon er spesielt vanskelig i kajakk. Min gruppe fekk ein vanskelig oppgave til slutt der vi fekk ein velt nær land i 3 stjerners forhold. Det måtte taues og det vart kaos. På vestlandskysten kan grensen mellom det greie og det vanskelige endre seg raskt. Gruppa dreiv mot meir skumle forhold, vinden auka og vi braut av øvelsen og tok oppsummering og forslag til bedring på land.

Kjempebra stemning på heile kurset og flinke og ivrige deltakere!