17 August 2008

Skarvøy




Padla ut frå den gamle fergekaien på Rong og ut til fyret på Skarvøyna. Testa tempoet litt og hadde ingen problemer med å holde litt over 4 knop i to timer (med halvlasta kajakk). Tok ein tur opp til fyret og siden eg allikevel skulle prøve å sette opp eit nytt telt så gjorde eg det like godt her. Fin utsikt. blikkstille hav og såg mykje skarv og fire havørn.

6 August 2008

Glesvær - Golta





Og til dei som kjem på samlinga på Golta:
ta med telt som toler vind!

Tirsdag var eg ein tur på Gullfjellet med dattera mi, og det tok litt lenger tid enn planlagt, så det var rett ut på Glesvær for tirsdagspadling etterpå for å guide litt i området vi skal ha Veileder og Aktivitetsledersamling i 12.-14. september. Uforståelig at det berre var to som ville vere med meg, men men. Dei var seine, så då rakk eg ein dobbel espresso på ein av dei finaste kafeane i Noreg. Då vi kom utpå var det som vanleg meir bølger og uryddig sjø enn venta (noko det alltid er utanfor klippene vest om Glesvær). Fekk prøvd Avoceten litt meir realistisk. Same godkjensla som Romany, men eg må jobbe meir med hofta. Det er meir liv i dette skroget! Fantastisk å rulle og potte tett.

3 August 2008

Prøving av Avoceten


Hadde med meg ein nybegynner i avoceten i dag og det gjekk veldig fint. Anne-Lise har padla to gonger før i meir stabile kajakkar men greide biffen heilt fint, ho kanta til og med opp over kanten på trekket. Kajakken er perfekt for jenter og litt mindre gutter og min foreløpige erfaring er at han er litt raskare enn den drepende sakte Romany.

Skorsundet



Ute i Skorsundet på utsida av Toftøy like utanfor klatreveggen er det tre små huler i klippesida. Ganske stilig. Tok ein liten tur forbi det gamle bølgekraftverket og blei overraska atter ein gong kor grov og uryddig sjø det er i Toftevika.

1 August 2008

AVOCET






Ny kajakk, tror eg lar bileta tale denne gongen. Takk til Torbjørn N. for inspirasjon!

Gleder meg til å prøve på teknikkurs i morgen.