26 June 2008

Utstyr

Når ein skal ut på havet krev det godt utstyr. Her er nokre ting eg har testa ut med varierande hell og nytte: Fra venstre:
Nixon tidevassklokke: viser tid, månefase og relativ vannstand. 10 bar. Ganske ny og lite brukt, men ganske stilig funksjon. Problemet er at han berre er nøyaktig ved fullmåne. Flo og fjære avviker med opptil 40 min i periodene mellom (i forhold til 6t og 25 min). lovande instrument, men eg er litt i tvil om kor vanntett han er.

Suunto: barometer er greit å ha, men værmeldingen er ofte minst like bra. God til lange ekspedisjoner og fjellturer (høgdemåler). 3 bar. Har brukt han i Himalaya til stor glede. Har også elektronisk kompass, men eg foretrekker silva 70P dekkskompass.

Silva vindmåler: no er det slutt på alle gjetninger om kor sterk vinden var (minst liten storm!). Les av, enkelt og greit. Også termometer. Alltid med.

Citizen dykkerur: alltid med. Svikter aldri. 20 bar.

Magellan GPS: grei å måle turlengde med, men er ikkje så vanntett som produsenten vil ha det til. Eg liker bedre kart og kompass.

ICOM M-71 VHF:
Har ikkje fått testa han så mykje enno, men eg er heilt sikker på at dette er framtida innan kajakk-kommunikasjon. Også heilt essensielt for sikkerhet. Denne modellen er vanntett, men eg satsar på aqua pack. Fantastisk størrelse og kvalitet!

5 June 2008

Meir Bulken

Først traff eg ikkje heilt
Det var kraft i vatnet!
Alt vart filma

Nokre fleire bilder frå Bulken. Barry estimerte farten på vannet til 18 knop. Det gjekk i alle fall fort og det var tungt å holde kajakken på rett kurs!

3 June 2008

Njord Symposium 08

På veg til Løno

Essens I: Barry og eg diskuterer åredesign på vannet og folk leikar rundt oss

Det er ALLTID ein bølge å finne på Sotra

Eg vart intervjua med DEN whiskystemma

Essens II: Det enkle friluftslivet

Symposiet blei ein travel affære. Eg var ansvarlig for kurs, workshops og turer og i tillegg alt mellom himmel og hav. Skulle gjerne hatt meir tid til å snakke med folk da det er utrolig mange greie padlere der.
Sundagen vart det nok, så eg utnemnte meg sjøl til turleiar på tur med Justine og Barry rundt Løno. Havet er veldig sjeldan så stille som denne dagen, men det vart no litt kjakk-klatring på eit skjær likevel og surf i tangen!
Årets sitat:"Nå får jeg halliser, for det er vel ikke mulig at det er Nigel Foster som kommer gående der borte?" Vespa

2 June 2008

Bulkenbølgen i havkajakk

Barry i siget
Det gjekk heilt fint!
Juhu! Eg klarte det (ei lita stund)!
Dronninga av Bulken

På veg heim frå Nærøyfjorden stoppa vi på Bulken for å prøve oss på bølga som dei første i havkajakk (ifølge sikre kjelder). Barry sneik seg utpå først og eg fekk æra av å være andremann. Camilla og Kjell fiksa og biffen fint. Elvegutta Harald og Espen lurte på kva som var vitsen når det finns elvebåtar... si det? Gøy var det no allikevel! Justine og assistenten Hallvard filma som berre juling så kanskje kjem seansen i TITS 4?

Nærøyfjorden


Onsdag til torsdag var vi ein gjeng God Tur-Ronny hadde tromma saman til padletur i Nærøyfjorden saman med Justine Curgenven og Barry Shaw. Justine ville filme padling i ein fin norsk fjord og det finns kanskje like fine fjordar, men ingen finare! Kjell og Joakim var og med og vi hadde ein god leikeøkt. Camilla klarte å stå på bakdekket til ein Nordkapp LV, noko som er relativt vanskelig! Joachim padla ca. 5 nautiske mil ståande og eg utvida eit vanskelig triks der ein sit på buken til ein velta kajakk og snur han på rett kjøl 180 grader (god forklaring?) til ein 360 graders balleknuser. Håper ikkje det blei filma...