7 October 2009

Strandaelva


Tirsdag dro Torbjørn og eg oppover til Voss for å padle med Ronny, Kyrre og Camilla. Først Øvre Strandaelva der eg velta og svømte litt (heldigvis ikkje som den einaste). Det er tross alt over eit år sidan eg padla elv sist. Det tar litt tid å venne seg til det strømmande vatnet. Etterpå var det nedre der eg var litt usikker på om eg burde padle. "Dei tre første strykea er verst" sa Camilla og når eg såg fossen vi så skulle utfor skjønte eg at det var best å ta bilder frå elvebredden. Etterpå drog Ronny og eg opp att og øvde i stryket under offerholet.

Bilda er frå Nedre Strandaelva - grad III



Torbjørn er ikkje trøtt, han berre ser ned i fossen - langt ned...


Dei neste stryka var mindre, men ikkje små

Resten av bilda finn du her

5 October 2009

Uflaks

Svineinfluensa i nesten to veker, så forstua eg foten kraftig andre dagen på jobb!

Foten er ok, men ikkje god til heftige ilandstigningar, merka eg i går. NPF Teknikkurs i helga i det verste været eit kurs har blitt gjennomført - GARANTERT. 10-15 m/s vind og regn som ofte var så kraftig at det gjorde vont i øynene.