31 August 2013

Bursdagspadling med Anja - The movie!

Har kjøpt nytt GoPro og det var i godlune denne turen, så det ble litt film fra hjelmen. Klassisk brottpadling.




27 August 2013

BSI tur til Løno

Voss-Geilo måtte utsettast til neste år, då eg ikkje har fått sykla i sommar (pga all padlinga), så eg inviterte alle i klubben som ville på overnattingspadletelttur som skulle passe alle - dvs. dei ferskaste som måtte ha lyst. Eg laga alternative planer alt etter ver og vind, og planen vart ikkje spikra før vi kom ut på Møvik. Det blei fort klart at Løno, det absolutt beste alternativet var innan rekkevidde!

God driv ut fra Møvik mot Hitsøy.

På Hitsøy traff vi nokre venner, Mr. Sotra Padleklubb himself, og ein gjeng BSI folk. Dei hadde visst glemt å sjekke tidevatnet, he he, og kom dragende med kajakkene på grunna.

Så var det en liten pause før kryssinga aver til Løno. Det er værhardt det stykket, men vi var ved godt mot.


Så var vi klare for siste kryssing ut mot Løno i fine dønningar. Arch meinte at det var som om havet pusta - fint sagt.

 Florian og Ragnhild framme på Løno i kveldssolen.
På Løno ligg den beste teltplassen for padlere på heile Sotra og Øygarden. Kjempegod plass og ei lang grunn vik slik at ein ikkje blir plaga av båter og slikt folk.

Charlotte og Arch gikk ein liten kveldstur medan eg skaffa fisk til gryta - eller prøvde... Det blei no ein smak av fisk i alle fall.

  
Imidlertid er det eindel knott her ute i august. Eindel. Om ein er var for sånt er det nok bedre å telte heilt vest og langt opp på øya. Så neste gang Anja blir med skal vi prøve det.

Søndag morgon, snart klar for å dra! Vi planla å padle rundt Løno på vestsida, nordover til Tjørnøy for lunch og rundt på innsida av Algrøy og avslutte langs vestsida av Langøy til Møvik der vi starta.

Samling før vi krysser tilbake til Algrøy. Det braut godt på nordsida av Løno.

Arch i fint driv. Inderinne på sin fjerde havpadletur. Garantert første inder som har padla til Løno!

GoPro er ganske gøy.

Ei lita pause nordvest på Algrøy.

Fine farger.

Charlotte var veldig fornøyd med fotografen.

Makrellens siste syn.

Dagens fangst. Det krydde av makrell - riktignok litt små, men til gjengjeld kunne eg dra opp så mange eg ville ha. Faktisk fleire, da dei beit på då sluken dingla i vatnet medan eg bløgga. Eg glømte at vi hadde med ei indisk vegetarianer som ikkje nokongong hadde tatt i korkje kjøt eller fisk. Blodspruten frå sprellande makrell var kanskje litt i overkant, men eg har no lært noko på ASKR i sommar - utlendingar skal sjokkherdast inn i den norske folkesjela (takk til Lars Oven frå ASKR).

Arch og klatreveggen på Langøy. 

Takk til alle som var med for super tur og godt humør trass knotten - folk pleier å bli surere for den! Ekstra interessant med så internasjonal gruppe.
23 km på to dager - ikkje verst for nybegynnertur!

17 August 2013

ASKR og Vesterålen

I sommer var eg journalist for Padling ASKR. Det kjem artikkel om turen og arrangementet i Padling seinere, men eg må bare legge ut nokre bilder for å vise litt av det eg opplevde. Eg kan vel trygt si at eg hadde skyhøye forventninger til Vesterålen (og Lofoten), og det vart mykje bedre enn forventa!

Eg planlegg allerede tur neste sommar.

Åsand midt på natta


Inuk i karbon på ei seng av finkorna korallsand
Undertegnede på vei inn til Ringstad i den tredelte Exploreren til Ronny Foto: Marian Leonhardsen

Bålkos hver kveld på ASKR (uten bomber denne kvelden) Foto: Marian Leonhardsen


Landing på Åsand etter lang dag i kajakken


På vei inn til Skipnes

Mitt trofaste Telt: Hilleberg Allak

Ut frå Åsand

Samla flokk då skodda ligg og lurer

Morten fra Lofoten i fint driv

Tørk må til

Eg blir ikkje lei dette landskapet med det første
 
Heim att med den geniale 3-delte NDK Explorer som Ronny var så snill å låne meg (sikkert med hjarte i halsen - han har sett korleis eg handsamar kajakker).

Bursdagspadling med Anja

Avgang frå Naustet i 10-tiden

Anja hadde bursdag og nøyde seg ikkje med fest, det måtte bli brottpadling først og fest etterpå. Eg kunne berre bli med på brottpadlingen, men FOR ein feiring!



Det var meldt eindel vind, opp mot 14 m/s og vi padla ut mot Hitsøy. Der kom Jardar på at det var ein fin kanal på sørsida, og den huska eg og (siden eg faktisk padla den på St. Hans).



Anja i godt humør, då vind tyder lite mygg og mykje bølger.








Det vart bra padling før lunch, men GoProen låste seg og det var for rotete til å ta fram speilrefleksen. Her er vi framleis godt innaskjærs.



Til lunchen var det mykje kake og lapper og litt mygg, men ikkje så mykje at nokon vart sure, heldigvis.









Etter matpausen fann Jardar ein fantastisk dusj. Bølgane, som var omlag 2,5-3 meter vart knust mot ein stein og fossa i ein fin, stor dusj ned på baksida. Det såg gøy ut, og det var det og, men dusjen var ikkje så fin som han såg ut til. Nokre gonger var det litt hardt...




Lillian tar sjangsen













Og heldigvis kunne Lillian vise nokre kunster etter at eg hadde "lurt" henne til å rulle i dei store bølgene - ingen suksess...

Takk for turen - det er fantastisk å ha så gode padlevenner som også har mer sjølironi enn meg sjøl!


16 August 2013

Rundt Lille Sotra

God og veldig gammel årgang
Det er veldig lenge siden jeg har padlet rundt barndomsøyen min. Sist gang var i Nordnesen, så vi snakker minst 15 år. Jeg fant igrunnen ut at det er en bra trenings og testrunde - som tenkt, så gjort.

15 august, Inuk og Kajner 4: 20 km: 2:15 Snittfart 8,9km/t eller 4,8 knop

PilogBue har gjort fint arbeid med skroget
Inuken er en fantastisk kajakk. Lukene er imidlertid ikkje så bra, så jeg skal til med litt kosmetisk kirurgi på dekk. Det kommer nok til å bli en total "makeover" da jeg har planer om å konvertere den til keyhole cocpit - når jeg får tid... det må jo ikke komme i veien for padlingen!

En liten kvil etterpå utenfor naustet mitt på Sotra