27 October 2007

Ulykkestur

7. oktober var eg med på elvetur til Øvre Strandaelva med BSI. Veldig lite vatn og uerfaren som eg er trudde eg det var fint, for elva såg så stille ut. Det var heilt til eg gjekk under og knakk ei åre og ei anna i gruppa fekk justert nasa rett etterpå...
Etter ei lita pause drog vi videre til Evanger og fekk surfa litt på ei fin bølge der. Vart sliten og fekk svømt eit stryk for første gong og sjølv om det var lite er det ikkje noko som frister til gjentagelse!

VEILEDER HAV!

21-23 september var vi samla til siste del av veilederkurset. Det starta med mykje vind og det fortsatte med meir! Vi var delt i to grupper og padla litt ulike ruter fra Kvenværet på Hitra ut til leiren som låg på ei øy ytterst mot Frøya. Vi skulle finne passende områder for å utfordre oss sjølv og vi rulla og redda i 3m bølger og padla gjennom trange passasjer med rotete sjø og steiner det braut over. Vi prøvde og å gå i land i relativt store bølger ved at ein padlar svømte med kajakken på slep medan ein annan kontrollerte han. Andre dagen blåste det så mykje at vi vart sittande på land og vi fekk diskutert mange aspekt ved padling og veiledning. Tredje dagen vart det litt navigasjon, eskimoredning, redding av medvitslaus padlar i skummande kvitt vatn og tauing, ilandføring og gjennoppliving av samme. Litt surfing vart det og men bølgene var ikkje så store lenger. Eit lærerikt kurs og fantastiske medpadlere! Ingen bilder foreløpig :-(

Surf ved Hitsøy




Torbjørn, eg og nokre fleir varma opp til siste del av veilederkurset med ein liten tur i store bølger utanfor Hitsøy. Tok nokre bilder av Torbjørn i surfen.

25 August 2007

Handrulla!

Endeleg klarte eg handrulla. Eg har prøvd jevnleg siste året og no var det på tide etter at den vanlige foroverrulla er blitt heilt automatisert og eg treng nesten ikkje bruke kraft på åra.

Elvetur med BSI




Sliten etter mange mislykkede forsøk på å treffe bølgen.

Heldigvis var det andre som ikkje alltid klarte det heller!

Så ligg elve-noreg for mine padleårer. Med våre ferske elvekunnskapar berre måtte vi på elva igjen og dermed vart det ny tur til Voss og Øvre Strandaelva på lørdag. No var det mykje meir vatn og leikeplassane var med eitt MYKJE meir interressante og skumle! Fekk låne ein leikekajakk - Riot Astro 52 - og gjorde mange triks ganske ufrivillig til eg fekk bytta til ein svær stødig sak.
Rulletreninga på hav ga god uttelling, men litt svømming vart det allikevel. Fleire bilder.

ELVEPADLING

Men så kom eg heim att til Noreg og det var kaldt og merkeleg. Heldigvis haldde Sverre og Lidun ordna plass til meg på eit elvepadlekurs hos Voss ski og surf, eller bare Einar på Voss helga 11. og 12. august. Det gjekk fort opp for meg at dette var gøy! Det var og veldig interressant å sjå korleis vatnet flyt i elva og korleis kajakkane reagerer på det. Mykje var ulikt havpadling, men noko var likt. Det vart litt forvirring med kanting av kajakken som er heilt motsatt. Vi fekk prøve oss i nokre stryk og vi satt fast med både båt og kropp i små valsar. Det var skummelt å sjå kor kraftige dei var på tross av at dei var veldig små. Veldig bra kurs!

Padling på Ko Samet


No gidder eg ikkje å skrive på engelsk meir- nynorsk er språket (sorry Matthias).
Thailand er eit fint land å padle i. Varmt i luft og sjø, faktisk så varmt at padling er ein av dei få treningsformer som ikkje blir kvalmande.