6 November 2006

BCU four star training and assesment



VI VAR ÅTTE PADLERE FRA BSI PADLING PÅ NJORD STORMSAMLING PÅ BULANDET 6. OG 7. OKT.
BILDER FRA KURSET FINNER DU HER:
http://outdoors.webshots.com/album/554926687hkNYhB

Eg har jobba litt for Njord AS denne sesongen og fekk tilbod om plass på ”BCU four star training and assesment” med Olly Sanders. Dette verka som ein bra måte å tilbringe helga (særleg ettersom kameraten hans Leo Hoare hadde fortalt oss eindel artige historiar om denne mannen på Symposiet i mai). Dette medførte at eg såg relativt lite til dei andre i klubben, men og at eg var den som fekk padla desidert mest.

Vi var seks spente padlere som møtte fredag morgon, tre av dei kjente eg fra før – Torbjørn, Therese og Xavier og to nye fjes, Erik og Juan. Alle hadde vi ein god del padleerfaring og kurs bak oss. Olly gjekk gjennom eindel teori om situasjonsbedømming og risikoanalyse, og tilførte begrepet ”Bullseye” til padleordforrådet. Bullseye er der vi ikkje vil vere. Jo lenger ut i sirkelen di betre.

Vi kom oss på vatnet etter å ha vurdert utstyr for seriøs havpadling. Klede: tørr- eller våtdrakt pluss ekstraklede, vest, hjelm, taueline, cowtail, rep kit, nødraketter og mobil vs VHF. Alt vi hadde på oss måtte grunngjeves, ned til minste detalj som ”Why did you buy the NRS towline and not the Palm? How long is it, and why? Is that an appropriate length for towing in a following sea? How could you modify this item so that it suits your needs better? ” osb.

Første økt var svingteknikk i vind, med tips til forbedringar og nokre nye knep. Underteikna vart litt overmodig og fekk seg ein dukkert, men greide heldigvis å rulle opp att. Olly kommenterte, alltid med humor og alvor i herlig blanding. Han hadde ein fantastisk evne til å øse av sine enorme kunnskapar om padling spesielt og naturen generelt, samtidig som han var ein av oss på tur.

Etter lunch var det ut i bølgene for å taue syke padlere mellom skjærene, som alltid med risikovurdering underveis.

Vel tilbake på land fekk vi ein god innføring i lavtrykkets teori (som vi skulle komme til å studere i praksis dagen etter). Leksen til lørdagen var å planlegge ein tur frå Bulandet rundt Alden og tilbake. Værmeldinga med kuling frå sør-vest, regn og torden stoppa dei planane, men vi fekk desto meir action på sørsida av Bulandet.

Olly hadde ei lita perm med små tips og figurar. No vart vi introdusert til ”the kung-fu death grip”, noko vi for all del måtte unngå. Avslappa grep på åra er viktig for å unngå betennelse i handleddet sa Olly og demonstrerte ”the windshield wipe” som var å opne handa litt foran andsiktet (sjå bilde). Så vart det trening på avansert svingteknikk i sterk vind samtidig som vi måtte passe på å slappe av i handleddet og gripe på riktig stad i padletaket. Dette vart ein ”salty day” og vi fekk smake saltvatnet då vi fekk lov å surfe litt i medsjø. Då kom dei breie smila fram og vi fekk og øvd litt spontant på redning.

Etter ein kald og våt lunch var det tid for å sjå nærare på kva vi ikkje bør prøve oss på. Olly padla nærare og nærare den skumlaste staden eg har sett på lenge; flatt hav i lange periodar som brått eksploderte i skumsprøyt og bølger som braut frå alle kantar med stein som brått openberra seg omkring. ”THIS IS WHAT I CALL A BOOMER!” skreik Olly å overdøve bulderet frå ragnarrokket. ”Totally unpredictable! This is the bullseye, this is where you don`t want to be!” Alle forstod poenget.

Så fulgte ein rekke ”cases” som Olly fann på og vi måtte ordne opp i på eigenhand eller med hjelp fra kameratane våre. Tauing i vifte med støtte av skada padlar, redning av skada padlar osb. Eg fekk meldinga ”I`m going to capzice and you must rescue me alone or with help from some of the others”. Sjølvsagt fann Olly ein fin stad der bølgene gjekk ekstra høge og braut innimellom, og velta der. Så gjekk alt galt. Tauinga til den andre gruppa vart brått meir enn ei øving då ein av deltakarane ikkje klarte å vende kajakken i vinden, som no var auka på og dreia til sørvestlig-

Ein av dei som skulle hjelpe meg med tauing bort fra det opprørte området velta rett på sida av meg og måtte reddast av min andre hjelpar. Så var eg aleine med oppgaven å redde ein Olly som spela relativt dum. Alle klarte oppgåvene og på vegen tilbake fekk vi ein halvtimes frileik i bølgene, noko Torbjørn og eg nytta til fulle, medan latinoane Juan og Xavier padla i forvegen og tok seg ein lang dusj i staden!

Til slutt var det individuell veiledning og tips til forbetringar og ikkje minst om vi hadde bestått kurset eller ikkje. Det var nemlig ikkje sjølvsagt å få dei fire stjernene!

Så, var dette kurset og metodene så ulike dei eg har møtt gjennom NPF og Njord? Nei, mykje var likt i teknikk og metode, men dette kurset hadde meir teori særleg om metrologi og tidevatn. Det var eit meir komplett kurs som omfavna ikkje berre padling, men heile miljøet omkring padlinga. Det at instruktøren var ein av dei beste som er å oppdrive var jo og sjølvsagt eit pluss!

No comments: