27 December 2007

JUL IGJEN!


Julen er som vanlig tid for padling. Julaften begynte med mykje vind som stilna etterkvart. Då var det berre å kome seg ut for å sjå på havet. Det var eit brøl som møtte meg på sørsida av Turøy og eg vart liggande å observere ein stund. Meterologisk institutt sa 5m bølgehøgd og det var rotete sjø! Dette var det beste bildet eg klarte å få tatt der.

1. juledag var det tid for variasjon då skuldrane ikkje er heilt gode enno. god utsikt til havet er viktig, og her mellom Skogsøy og Herdlevær. Om du ser godt etter ser du straumen som kjem ut og møter bølgene som kjem frå vest.

2. juledag kom uværet att og dette er frå vika på sørsida av det gamle bølgekraftverket på Toftøy. Litt til venstre for spruten midt i bildet er det eit skjær der ein padlar vart overraska av bølgen og omkom for nokre år sidan.

Kajakken vart liggande på land den dagen og...

12 November 2007

Lenge siden siste oppdatering


Mista kameraet i vår og datamaskinen har heller ikkje vore frisk, men no er alt i orden - nytt kamera og fin maskin. Eg har padla meir enn nokon sinne denne hausten og vinteren er jo tida for store bølger...

NPF Videregåendekurs

Fine båter gjøres klare på Ormhilleren lørdag morgen

Synfaring før den eksponerte biten av ruten
Det ble vind og bølger
Seal launch!
Generalsekretæren var med
Enno meir vind ga vanskelige forhold for gruppen


9-11 november var det endeleg klart for siste del av NPF Videregåendekurs i Øygarden. Eg var utrusta med nytt vanntett kamera og min nye veilederstatus, så eg fekk vere observatør denne gongen. Vi låg i telt to netter og det var ikkje spesielt varmt med tanke på at det var mellom 0 og 4 grader i lufta, vind opp i 20 m/s, regn, hagl og sludd og sjølvsagt det at mykje av utstyret til einkvar tid var vått.
Første dagen planla deltakarane ein tur på omlag 6 nautiske mil i motvind med nokre passasjar i 4 stjerners forhold. Det gjekk utan store problem. Alle måtte prøve ei rulle i bølgene. Andre dagen vart det fleire oppgåver frå leiarane og det vart ilandstigning med svømming, tauing, redning og manøvrering i vind og bølger. Heile kurset fekk gruppa diskutert og praktisert rutevalg og navigasjon. Alle fekk godkjent kurset og det var jo spesielt fint at fire av dei er medlemmar i BSI Padling!

27 October 2007

Njord Stormsamling 07

Stormsamlinga levde opp til namnet i år med mykje vind og høge bølger. Nokre av oss frå BSI kom torsdag kveld og fredagen vart den desidert beste dagen med store bølger frå nord og relativt lite vind. God surf! BSI rulte med fleire loopar og eg klarte endeleg ein baklengs surf og loop søndagen (men då var ingen klare med kameraet).

Eg liker spesielt godt dette bildet fordi det minner meg om eit i boka til Eric Soares
God surf på nordsida, berre om å gjere å ikkje kome for nært land
Vanskelege forhold for fotografering!
Stor bølge som vart knust av steinen, så det var ikkje så ille som det ser ut til!

Ulykkestur

7. oktober var eg med på elvetur til Øvre Strandaelva med BSI. Veldig lite vatn og uerfaren som eg er trudde eg det var fint, for elva såg så stille ut. Det var heilt til eg gjekk under og knakk ei åre og ei anna i gruppa fekk justert nasa rett etterpå...
Etter ei lita pause drog vi videre til Evanger og fekk surfa litt på ei fin bølge der. Vart sliten og fekk svømt eit stryk for første gong og sjølv om det var lite er det ikkje noko som frister til gjentagelse!

VEILEDER HAV!

21-23 september var vi samla til siste del av veilederkurset. Det starta med mykje vind og det fortsatte med meir! Vi var delt i to grupper og padla litt ulike ruter fra Kvenværet på Hitra ut til leiren som låg på ei øy ytterst mot Frøya. Vi skulle finne passende områder for å utfordre oss sjølv og vi rulla og redda i 3m bølger og padla gjennom trange passasjer med rotete sjø og steiner det braut over. Vi prøvde og å gå i land i relativt store bølger ved at ein padlar svømte med kajakken på slep medan ein annan kontrollerte han. Andre dagen blåste det så mykje at vi vart sittande på land og vi fekk diskutert mange aspekt ved padling og veiledning. Tredje dagen vart det litt navigasjon, eskimoredning, redding av medvitslaus padlar i skummande kvitt vatn og tauing, ilandføring og gjennoppliving av samme. Litt surfing vart det og men bølgene var ikkje så store lenger. Eit lærerikt kurs og fantastiske medpadlere! Ingen bilder foreløpig :-(

Surf ved Hitsøy




Torbjørn, eg og nokre fleir varma opp til siste del av veilederkurset med ein liten tur i store bølger utanfor Hitsøy. Tok nokre bilder av Torbjørn i surfen.